Har du nokon gong prøvd å køyre ein bil som var tom for drivstoff? Du kjem ikkje særlig langt med det. Kroppen vår fungerer litt på samme måte. For at kroppen skal fungere og vere i bevegelse, treng den energi, og det får vi tak i gjennom maten vi et.
Kva skjer viss du prøver å fylle ein bensinmotor med diesel? Det vil nok ikkje fungere særlig bra. Vi er avhengig av riktig drivstoff. Når det gjeld oss mennesker, er karbohydrat det drivstoffet som er lettast tilgjengelig for kroppen å nytte til bevegelse. Har du brukt opp karbohydratlagera i kroppen, utan å fylle på tilstrekkelig, hentar kroppen energi frå lagera av feitt eller protein. Desse lagera er ikkje like lett tilgjengeleg som karbohydratlagera, så om du ønsker du å vere rask og effektiv, enten i jobb, kvardag eller på trening, så lønner det seg altså å fylle på med karbohydrat.
Kva man likar å ete før aktivitet, er veldig individuelt, og noko ein må prøve seg fram til. Når kroppen skal jobbe med å bevege seg, vil ein større andel av kroppens blodtilførsel bli sendt til dei aktive musklane, og mindre til fordøyelsessystemet, og derfor er det lett å få magetrøbbel. Men hugs at det er gjennom mat og drikke vi får energi og «bensin» til å bevege alle dei 650 musklane våre, så fyll på jevnt og trutt.
Tre tips til kva du bør spise når du er aktiv:
- La om lag halvparten av energien du et komme frå langsomme karbohydrat som du finn i grove kornproduktar, frukt og grønnsakar.
- Fyll på med eit par halvgrove brødskivar med godt pålegg eller litt havregraut eit par timer før trening eller konkurransar. Det mettar meir, er sunnare og smakar betre.
- Et variert – kroppen treng litt av alle dei ulike næringsstoffa for å fungere optimalt.
Et godt, lev godt og ver aktiv :)
Eli Anne er ei jordnær jente fra de grønne fjellsidene i Jølster som satser for å bli verdens beste motbakkeløper. Fremover skal hun gi tips og råd om trening til alle våre BakeKompiser. Lurer du på noe? Følg henne på instagram,@motbakkeeli, eller på bloggen hennes, http://motbakkeeli.playblogg.no.